Resultat av omvendt spørjekrans

31.des.2009, 12:16, 8 har kvitra att
Huhei, eg trur eg må slutte å gje lovnader om kva tid innlegga kjem, for dei kjem no akkurat når det passar seg, same kva eg freistar å få til. ^^ Her kjem iallfall resultatet frå spørjekransen. Det var fire stykk som deltok, wuhu, ikkje heilt å hoppe i taket for, men flott at det var nokon som gadd i det heile. Og denne gongen var det ingen som fekk lik poengsum! Det er jo òg noko. :3

Fyrst ein fasit:
1. Ja, eg kalla ein gong ei lærerinne for mamma. I andre. Iallfall påsto ho det og lo godt, men eg kan ikkje hugse å ha sagt det.
2. Eg har aldri sove i ein skuletime, men siste dag før juleferien i niande var eg skikkeleg sjuk, men gjekk på skulen likevel. Eg låg halvt visslaus på pulten medan læraren las "Itte no klussel!", fekk karakterkortet og gjekk heim.
3. Eg er så klart kjend som Yoshi-Vegard, eg veit ikkje kor dei tek det frå...
4. Ja, eg gjekk inn i ei dør eg ikkje ante var i ustand (går an å henge opp lapp, liksom), og då eg dytta litt på døra, fauk ho attende på meg og knuste mobilen i tusen knas.
5. Nei, eg har aldri hatt fantasivener (eg har hatt nok med kosedyra mine).
6. Eg har aldri strikke ullgenser. ^^
7. Eg var ikkje på premieren, nei, eg har aldri vore fan av Harry Potter.
8. Eg tenkte ikkje tanken på at eg kunne gifte meg med Yoshi før fleire veker etterpå. Rart.
9. Eg har aldri teke sol!
10. Jepp, eg ynskte meg rettetang til jul og fekk det. ^^

Og så poengtavla:
  1. Marta: 30 poeng
  2. Chalten: 22 poeng.
  3. Natalie: 21 poeng
  4. Gard: 14 poeng
Gratulerer, alle saman! ^^ Til opplysning var svaret til Marta for langt til å bli posta som kommentar, så ho sende meg eit langt tektsdokument på e-post, som har vore artig lesning. xD

Det folk har snubla litt i, denne gongen òg, er at dei tenkjer meir på å svare morosamt enn å svare rett (sjølv om eg trur de godt veit kva som er rett), og difor har eg igjen gjort det slik at ein kan få 30 poeng av 40 moglege sjølv om alle svara er gale. ^^

Ja. Så var det nyttårsaftan, i år igjen. Det minner meg om ei overskrift eg såg, men som eg ikkje greidde å finne igjen. Det var noko slikt som "Året i år er over for i år". Poenget var iallfall at 2009 snart var "over for i år". ... så det tek til igjen neste år, då? o.O Isj.. Dumt eg ikkje finn at den overskrifta. Ho var verkeleg dum. ^^

8 attkvitter

Anders

31.des.2009 kl.12:24

Jeg ble nettopp deprimert fordi jeg ikke hadde deltatt, men testa meg selv før jeg leste fasiten og hadde alt reett. >.<

Nils Åge - Oslo gay!

31.des.2009 kl.12:47

Sv : At folk ikke skulle fått drikket på nyttårsaften , det hadde aldri gått. Men drikking og fyrverkeri er 2 forskjellige ting. Hvertfall min mening.

Visst fyrverkeri er så farlig, så kan folk ta mer ansvar! :))
bedre?

Nils Åge - Oslo gay!

31.des.2009 kl.13:19

Sv : Jeg forstår selvfølgelig dine meninger :))

Kirsten

31.des.2009 kl.13:44

Sv; Jeg er så enig, så enig... :)

Jellyfish

31.des.2009 kl.14:12

Wah, jeg skulle være med, men rakk det aldri. :( Godt nyttåår :)

31.des.2009 kl.14:18

sv: NOEN TOK DEN!!11

nå ble jeg litt glad.

"I think you have too many shoes"

SHUT UP

ahh fantastisk.

Marta

31.des.2009 kl.16:29

Oi! Eg trudde ikkje det var so artig, det eg skreiv. Det var jo seint på kveld + at eg hadde fått i meg mykje sukker (so har ikkje eg for vane å reagere på sukker, men ein kan aldri vite).

Ved fyrste lesing av fasit trudde eg at eg hadde svart alt feil, og det er jo ei bragd i seg sjølv, men eg fekk visst rett på to spørsmål. Grunngjevinga var neppe rett, men kor vidt det var "ja" eller "nei" stemte iallfall.

Og det var ikkje SO langt. Berre på to sider? *kremt* Noko som forresten fekk meg til å lure: Er det ei maksimumsgrense på innlegg òg?

Eg fekk forresten ikkje opp "visslaus" i ordboka, so har ein andre alternativ på nynorsk enn "medvitslaus"?

Og det var alt for no. Soff gottinår! (er det ikkje det hovmeisteren seier etter kvart?)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits