Romjulskalender - Super Mario-sudoku!

26.des.2009, 15:28, 12 har kvitra att
Andre juledag, på tide med hjernetrim!
Vi opnar luke to og finn Super Mario-sudoku! :D Eg har kosa meg i Flash og laga eit lite sudokuspel til dykk. Greia er at eg ikkje er så flink i Flash, så eg får ikkje til at ein berre kan setje figurane dit dei skal, eller at den merkar at alt er rett osv. Eg anar verkeleg ikkje korleis eg skal lage noko slikt.

Så her er opplegget: Det er ni eksemplar av kvar figur, dra dei ut på brettet dit dei skal etter vanlege sudokureglar. (Berre éin av kvar i kvart 3x3-felt, éin av kvar i kvar vassrette og i kvar loddrette rad og kolonne). Flash-fila merkar ikkje kva som er rett og kva som er gale, så du kan eigentleg gjere som du vil. Men det er jo artig å få det rett? Når du trur du er ferdig kan du berre sjå over og sjå om alt er som det skal.

Eg har berre laga eitt brett, så de får kose dykk med det.

Sidan blogg.no er teit og ikkje lar folk "embedde" .swf-filar i vanlege innlegg, må de trykke på biletet under for å kome til spelet på ei ekstern side:


Som skrive er det altså ingen måte for deg å sjekke at du har fått rett svar anna enn å berre sjå over sjølv. Såh.. I går var poenget at du skulle lære litt nynorsk, i dag var poenget at eg skulle lære litt Flash-koding! :D

Kom gjerne med framlegg og ynskje til dei neste lukene!

12 attkvitter

fr3sh

26.des.2009 kl.15:37

awesome! haha, jeg skal klare dette!

Vilde

26.des.2009 kl.17:29

Jeg klarte det!

Marta

26.des.2009 kl.17:56

Eg òg ^^

Sudoku er verkeleg artig. Greitt nok, eg har ikkje prøvd meg på 4x4 og større, men 3x3 går greitt. Og so er det artig med slike kor du puttar inn bokstavar og får eit løysingsord diagonalt ^^ Eg fann ei fin side med mange slike ein gong, men eg har gløymt kvar... Eg får leite etter ho seinare.

MoKath

26.des.2009 kl.18:47

Jeg klarte den jeg og.

fr3sh

26.des.2009 kl.20:25

jeg klarte!!!:)

-greit jeg linker til bloggen din? ;)

Vegard

26.des.2009 kl.20:34

fr3sh: Flink gut! :P

Det er sjølvsagt greitt. (Og artig at du spurte, for eg lenka nettopp til bloggen din, utan å spørje. Liker. ^^)

SARA GUNDERSEN

26.des.2009 kl.23:02

s: Haha, de har til og med skrivefeil på bokmål, så det forundrer meg ikke.

Anders

26.des.2009 kl.23:47

10hi k9sf9s jeg klarte det.

Nat

27.des.2009 kl.00:20

sv: men ikke sant, urinal er bare så artig ord, så jeg måtte liksom bruke det da.

jeg tenkte litt på dette med kommentarer, men det høres kulere ut på engelsk og jeg er tross alt en bokmålskråke så. o.o

vilur

27.des.2009 kl.01:06

må si bloggen din er fresh, og derfor har jeg skrevet et lite innlegg om bloggen din, står ikke så mye, og bloggen min er heller ikke den mest leste. men koselig er det vel daa ? ....

www.VILUR.blogg.no

der finner du innlegget, og jeg syntes virkelig du skal kommentere det ja,

mc.

27.des.2009 kl.01:59

Fikk det tiiiil! 8D

Nå har jeg vondt i hodet av for mye tenking. *legge seg*

Lisa

27.des.2009 kl.02:31

Jeg klarte det, tror jeg :D

Link til bevis: http://i50.tinypic.com/2rd88ch.jpg

tada (a).

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits