Dagens utklipp frå Blogg.no 17

20.des.2009, 01:49, 10 har kvitra att
Dagens fail:
fin blogg :) kommenter gjerne på dette innlegget og skriv hva du syntes om mobbing: http://blogsoft.no/index.bd?fa=article.edit&ar_id=13926703
- Jente, 16 år. Ikkje berre er det imponerande i seg sjølv å skrive slike reklamekommentarar, men det er bra gjort å kopiere lenka til kontrollpanelsida for redigering av innlegget og ikkje til det publiserte innlegget på bloggen. Gratulerer.

Todays english overscrift:

Lussecats and circels, and turtels.. Aaaand dinos!

- Jente, 15 år. Lussekattar kaller ein gjerne saffron buns på engelsk.

Dagens overskrift:

ARIZONA JUL MED OPPLOSTBARE SNØMENN

- Jente, 17 år. Eg trur det skal stå "oppblåsbare", men det er aldri godt å vite. Aldri.

Dagens kyting:
idag var det rett og slett - 30°C og det er fader i meg kaldt!
tenk at det er lov at det skal være så sykt kaldt!?
- Jente, 15 år. Nei, la oss forby minusgradar, kva? Det funkar vel.

Dagens røyndomsoppfatning:
Hvordan vet man at man bor i landlige omgivelser?
Jo det skjønner man når det kommer besøk kjørende på snøscooter til naboen, seriøst snøscooter, finnes ikke de bare i skogen?
- Jente, 23 år. Snøscootarar er eit skogsdyr, ja. Mhm.

Dagens sjølvinnsikt:
Vil du bli vurdert av meg ?

Bare si i fra i komentar boxen og si
at du vil hvist du vil å så trekker jeg en
blogg som jeg ''vurderer'' .
- Jente, 12 år. Ho får skryt for høveleg bruk av gåseauge.
 
Dagens noko:
Hei og hå! Hvis du vil bli vurdert, så skriv bloggadr. under og jeg velger ut en. Du får + hvis du komenterer gamle innlegger. Alltid kost vettu :) Så det er størst sjans på de som komenterer gamle innlegger. Så hva venter du på?
- Jente, 14 år. Eg ventar på Godot. (Ærleg tala - er det ein premie i seg sjølv å verte vurdert? :S Det kan jo faktisk ende i slakt?)

Dagens kvardagsproblemstiling:
Haha, anyone?

Mobilen min ligger oppe og jeg føler meg helt lost uten den, men jeg tørr ikke gå opp, for det høres ut som om det er noen der, haha :s
- Jente, 14 år. Det verste er at eg kjenner meg igjen i å ikkje tøre å gå opp. Men eg kjenner meg ikkje akkurat lost utan telefonen. :P

Dagens "hot eller not"?
SNØ; Hot eller Not?
- Jente, 15 år. Eg trur eg går for not. Må for øvrig ikkje gløyme at Hot og Not er eigennamn og skal ha stor førebokstav.

10 attkvitter

Þormóðr

20.des.2009 kl.17:42

Hah! Du får ikkje lenger attkvitter, fordi du aldri att-attkvittrar (på din blogg)!

Kva trur du du skriv - ei nettavis?

Kommentarfeltet ditt er forresten vidare enn hovud-unit'en på bloggen din, som gjer

at eg no og då må ty til manuell linjeskift for å sjå kva eg skriv! Uhøyrt!

(Eg les bloggen din med Mozilla Firefox. Du kan forresten forandre vidda i "Stilsett".)

hahahahva

20.des.2009 kl.17:54

Eg må nesten insistera på at "fail" er "fiasko" på norsk. Eller må eg verta sinna? :@

20.des.2009 kl.21:49

tolvåringer og internettilgang -en farlig kombinasjon.

Vegard

21.des.2009 kl.01:12

Þormóðr: Ja, eg har faktisk tenkt det ut sjølv! :D For meg er det eigentleg avslappande, for folk les jo framleis, sjølv om dei ikkje kommenterer, og då slepp eg å få dårleg samvit for å ikkje svare på attkvitteret. ^^ Men eg trur eg skal skjerpe meg på det, det er jo best å få svar på det ein skriv, er det ikkje? Eg trur verkeleg ikkje eg skriv ei nettavis, altså. Eg trur eg må skrive eit innlegg om det.

Ja, korleis ordnar eg eigentleg det? Eg ser ikkje nokon stad at det er definert i pikslar. :c Berre i "cols" og "rows". helvettøøøø

Vegard

21.des.2009 kl.01:24

hahahahva: Ah, eg har faktisk aldri tenkt over at ein kan omsetje det med "fiasko"! Grunnen til at eg skriv "fail" (og orsak, orsak, orsak for at eg ikkje skreiv det i kursiv!) er at ein ikkje har noko godt innarbeidd avløysarord for dette enno, iallfall ikkje som eg kjenner til. Men fiasko har eg faktisk ikkje tenkt på, men det er jo heilt openbart at det må vere eit godt alternativ, om ikkje det beste! :D

Knallbra. ^^

Pormodr

21.des.2009 kl.06:20

OK, berre å klippe & lime:

#main textarea{width: 320px; height: 200px;}

Eg trur 380px er default, og gjetar at du treng 320px.

Koden kan ikkje bryte annan kode, men kan ellers plasserast hipp som happ i Stilsett.

Chalten

21.des.2009 kl.18:43

"Snøscootarar er eit skogsdyr". Du får virkelig sakt det.

MC

22.des.2009 kl.00:35

En liten kommentar:

Du er morsom. :3

Panda

02.jan.2010 kl.01:32

hahahhahaha!!! Jeg er nesten redd for å kommentere ditt innlegg i frykt fra å havne blandt dine vakre sitater! Jeg har ledd høyt nå! Lussecats skal ned på min eksamen en eller annen gang i løpe av mine tre år på engelsk universitet! Kommentaren din 'eg ventar på Godot' fikk meg til å dø av latter!

Jeg må bare elske denne bloggen!

Vegard

03.jan.2010 kl.14:12

Panda: Hahaha, ja, det er berre å passe seg. xP

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits