Varmande nynorsk i ein grå hovudstad
23.nov.2009, 19:50, 4 har kvitra att
Det bankande hjartet i hovudstaden
Eg er gjerne i eit skjørt humør om hausten, og det skal ikkje mykje til før eg tek meg sjølv i å sitje og deppe no. Det er litt kjipt, men i dag kom eg på ein kur. Eg har tidlegare skrive om filialen til Libris-bokhandelen i Oslo som har ein stor del av skilta i butikken på nynorsk. Det er så fantastisk, det varmar seriøst hjartet mitt å sjå levande nynorsk midt i bokmålshelvetet Oslo. Nokre bilete:

Nynorskingen i bokhandelen har no fått eit namn: Gunvor Edel. Fantastisk. ^^
Dei har òg ein kafé, eg får setje meg der ein gong og drikke kakao eller noko slikt. Kanskje dei har bollar. Mmm, nynorskbollar...
Ei ny bok i samlinga
Eg kjøpte ei bok. Ei pocket-bok (godt nynorskord for dette, nokon?) til 99 kr, student og fattig som eg er. Det var ei bok av Karl Ove Knausgård, så ho er diverre på bokmål, men det får eg nok til. Dette skal vere oppvarming og førebuing til Min Kamp av same forfattar, som er ein slags sjølvbiografisk roman i seks store bind. Eg gler meg, denne mannen skal visstnok vere ein av dei største nolevande forfattarane i Noreg, så då får eg få det med meg, bokmål eller ikkje.
Elles er det no berre nokre dagar til eg skal levere bøker på biblioteket, så eg må bli ferdig med Saman er ein mindre aleine, og eg har litt under 200 sider igjen. Går nok bra. Hurra for nynorsken. ^^

Marta
23.nov.2009 kl.20:05
Eg har sagt det før (kan hende for mange gonger?)... Orsak: Eg har SKRIVE det før, men eg skriv det om att: Bloggen din verkar som ei oppmuntring for andre. Om eg har jobba mykje (eller greitt, litt, då (altfor lite, faktisk, men detaljer, detaljer)), so er det alltid fint å ta ei pause med å titte innom bloggen din for å sjå om du har skrive noko nytt.
Tehe, kan hende eg skulle skrive takkebrev til Sumpen for at dei skreiv om bloggen din? Hadde det ikkje vore for dei, so hadde eg nok aldri kome over han, diverre. Kva skulle då klare å muntre meg opp innimellom all jobbinga? Nei, eg synest du skal stao pao ;-)
Vossamaol er artig å skrive ^^ Veit du forresten kva "blaopoto" er?
Søs
23.nov.2009 kl.20:51
23.nov.2009 kl.22:40
Chalten
24.nov.2009 kl.13:57