Om kvitraren!

30.sep.2009, 01:00, 9 har kvitra att

Om kvitraren

[Set inn fancy anonymt bilete her]

Namn: Vegard
Alder: 19
Stad og stode: Oslo, student

Eg stikk 174 stolte centimeter opp i veret og kler meg helst i brunt eller blått. I sofaen har eg ei samling med Yoshi-figurar i plysj, og bak bøkene i bokhylla har eg ei samling med gamle ordlister frå ulike rettskrivingsreformer, som eg liker å lese i. Namnet mitt er norrønt og betyr "den som voktar heimen", men eg har allereie floge frå barndomsreiret. Heile livet har eg budd i Oslo og her skal eg bu endå nokre år.

På fritida er eg Nintendo-entusiast og hovudstups forelska i figuren Yoshi, eg er ateist og blir litt utilpass når nokon snakkar om synd, eg er målmann og ønskjer å spreie nynorsken ved å vise kjærleiken til språket, og eg er open om at eg er homo, for dei som måtte synast det er viktig.

Om Kvitter

[Korleis illustrerer ein Kvitter?]

Kvitter er ei omsetjing av "Twitter", men det er berre namnet eg har "stole" derifrå. Kor grensene for Kvitter går, er det berre eg som finn ut av mens eg går, men Kvitter handlar i hovudsak om å skrive nynorsk, om å vere far til tjue Yoshi-barn og om å vere ung student i Oslo.

Kvitter er ein upersonleg, men særs personleg blogg. Eg har ikkje som mål å kvitre kvar dag, og det er altfor mange idear og påfunn som det aldri blir noko av. Men det eg får til, hamnar her på Kvitter.

Kontakt

Ta gjerne kontakt om kva det måtte vere, det vere seg spørsmål, kommentarar, idear, ris og ros.

Facebook: Sjølvsagt har eg profil på Facebook. Greier du å finne meg?
E-post: Eg har laga ein e-post-konto til kontakt: Kvitrar(a)gmail.com.
Kommentarar: Eg les alle kommentarar som kjem inn. Sjølv om du kommenterer dette gamle innlegget, vil eg få det opp som ein ny kommentar, så det er berre å kvitre i veg.

9 attkvitter

ida

30.sep.2009 kl.17:22

HEI!

glad du ikkje er heilt vekke frå bloggverda :)

MC

01.okt.2009 kl.21:54

Vegard er blitt en fugl :D

Fra dinosaur til fugl, altså.

beundrer :)

26.des.2009 kl.22:57

Dette var en ny versjon av blogging! Fikk helt hakeslep da jeg så bloggen! Drit bra, stå på !; )

Hilde

19.jan.2010 kl.19:42

Åh, herlig blogg!

Snubla tilfeldigvis over denne, og ble skikkelig fasinert. Trodde det bare var meg fra bokmål-land som digga nynorsk. Heia deg! Og heia nynorsken i Norge! =D

Maria

29.sep.2010 kl.01:06

Er du frå Oslo, snakkar du ikkje på dialekt? Eg er fasinert over nynorsk-kjærleiken :)

Vegard

29.sep.2010 kl.15:05

Maria: Eg er frå austkanten av Oslo og snakkar Oslo-aust-dialekt, eg. Dialekta har faktisk mykje til felles med nynorsk (og radikalt bokmål). Til dømes ha vi -a i bestemd form fleirtal av inkjekjønnsord (alle orda), -ju- (sjuk, sju, mjuk), masse diftongar (veit, skreiv, blei), i-supinum (skrivi, sliti, drivi) og masse meir, så det skulle berre mangle at eg blei litt glad i nynorsk. ^^

Maria

30.sep.2010 kl.23:27

Ja,eg skjønar:) Eg hadde berre så ingrodd at alle østlendingar var bokmålsfolk. Dette var jo noko som du motbeviste med glede! (huffdå, ein fordom kanskje?) jaja, uansett. Eg likar bloggen din!

09.des.2010 kl.18:58

Hei! Så kult at du skriv nynorsk. Det gjer meg glad å høyre at det og faktisk er Oslo-folk som er for å sleppe nynorsken til. Stå på! Helsing ei jente frå Stavanger.

Ingen tvang

03.feb.2011 kl.20:24

Fin blogg, Vegard.
Det er fleire frå aust som skriv nynorsk. På ein videregåande skule i Hedmark var vi heile tre personar i same kull som konverterte, utan å veta om kvarandre. Hugsar ein forundra norsklærar spurde meg om det var eit komplott.
:)

Skriv eit nytt attkvitter!

Nyaste kvitter

Nyaste attkvitter


Kategoriar

Månadleg arkiv

Lenkjeliste

hits