Meir julepynt
Eksamenane er ferdige, så langt veit eg at eg har fått ein A og ein B! Eg ventar spent på dei andre to!
Imens har Fredrik komme med jolestjerner til meg, så Storesvarten har pynta opp litt.

Storesvarten vil gjera godt igjen











Fjerde luke
Kven har yoshibarna ikledd nisselue i dag?

Storesvarten får kjeft









3. desember
Snøen lar vente på seg, så Storesvarten gjer sitt for å laga jolestemning i heimen. Og sova, så klart.







2. desember






Latsabb.
1. desember













Eg laga alt med iPhone-en. Og no merkar eg kor lett det er å vingle mellom "vi" og "me" (dei små skal jo seia "me", eigentleg). Eg treng ein korrekturlesar.
Drodling frå styremøte
Eg drodla litt på styremøtet i studentmållaget. Kos.

Senkar draumar på vår jord
Frode Grytten er ein pervers odding som skriv gode bøker. Det nyaste tilskotet i denne spennande bibliografien heiter Saganatt og er ein trilogi om tre menn i Lund-slekta, men det er berre i den midtarste boka herr Lund er hovudperson, og sjølv da er boka mest satire av samfunnet og folka han møter.
Som vanleg inneheld boka satire av både Odda og Oslo, men nytt av året er litt svenskehumor også. Det er berre godt! Boka er mindre pervers enn vanleg, så mora mi sat heldigvis ikkje kaffien i halsen da eg gav ho boka til bursdagen hennar. Menmen.
Sjølvsagt må eg kommentere måten Frode Grytten skriv nynorsk på, men aller først det obligatoriske bildet av meg med boka framfor fjeset:

Skal ein plassere nynorsken til Grytten ein plass, må det bli mellom Ragnar Hovland og Are Kalvø, der Hovland skriv følgjerett, umarkert nynorsk heilt etter boka, mens Kalvø skriv dialektal og sterkt bokmålsprega nynorsk. Grytten hamnar ein plass i midten.
Men med unntak av litt absurdt ast-passiv-bruk på dei første sidene, står ikkje språket i vegen for lesinga, så dette er absolutt godkjent! Mange av formene han bruker, skal ut av rettskrivinga neste år (f.eks. glømme, fikk og herlig), så kanskje han berre bruker formene mens han kan (men eg tviler jo på at Grytten kjem til å rette seg etter den nye rettskrivinga).
Men er du ute etter ei god bok å gi nokon i julegåve, kanskje for å sniknynorskifisere bokhylla til ein venn eller slektning, så er Saganatt eit godt val. Sjølv ønskjer eg meg Stille natt av Ragnar Hovland til jul i år, så den kjem det ikkje noko kvitter om før i romjula. Men eg fekk med meg at bokmeldaren i Dag og Tid meinte det var den beste Hovland-boka. Så eg gler meg til den også.
Hulter til bulter
Har du sett på Uti vår hage?

Kremtoppar og Mokkabønner må alltid stå hulter til bulter, og det gjer dei enno! Artig med det.
No sit eg på kontoret aleine og les gjennom denne vekas avis. Dette er ein jobb eg trivst veldig godt med, om nokon lurte. Eg får sitta fleire timar i veka og drive med nynorsk. Kva meir kan ein gut spørja om?
Nyaste kvitter
Nyaste attkvitter
- NathalieGlede om Meir julepynt
- om Meir julepynt
- kallenamnslaus om Meir julepynt
- Þormóðr om Meir julepynt
- Marita om Meir julepynt
- Søs om Storesvarten vil gjera godt igjen
- Marita om Fjerde luke
- Silje om Storesvarten vil gjera godt igjen
- Søs om Fjerde luke
- xOliwiax om Fjerde luke
Kategoriar
- Biletkvitter
- Bloggkvitter
- Bokkvitter
- Kortkvitter
- Kvardagskvitter
- Kvasikvitter
- Lesarbidragkvitter
- Matkvitter
- Nintendo-kvitter
- Nyheitskvitter
- Politikkvitter
- Påskekrim 2010
- Påskekrim 2011
- Reklamekvitter
- Romjulskalender
- Samfunnskvitter
- Språk- og litteraturkvitter
- Språkkvitter
- Studentboligkvitter
- Teiknekvitter
- Vegard for nynorsken
- Ymse
- Yoshi-kvitter
- YouTube-kvitter
Månadleg arkiv
- Desember 2011
- November 2011
- September 2011
- August 2011
- Juli 2011
- Juni 2011
- Mai 2011
- April 2011
- Mars 2011
- Februar 2011
- Januar 2011
- Desember 2010
- November 2010
- Oktober 2010
- September 2010
- August 2010
- Juli 2010
- Juni 2010
- Mai 2010
- April 2010
- Mars 2010
- Februar 2010
- Januar 2010
- Desember 2009
- November 2009
- Oktober 2009
- September 2009


